Korleis TKRK vart til
- Tangen stutteri og hestesenter v/Ivar Fykse søkte om stalltomt i Seimsdalen 28. desember 1976. Det skulle stå på industrifeltet nedanfor ungdomshuset eller på industriområdet ”Sveinland”. Han fekk avslag i F-møte 13. januar 1977, men fekk leige privat, starta da opp stallen i Øyane i Seimsdalen.
- Seinare i 1977 får Ivar Fykse løyve til å føre opp hestesenter på ”Sveinland” med føresetnad om at anlegget kan fjernast på 3 månadars varsel. I følgje styreprotokollen frå 29. juli 1977 vart ridesenteret danna og registrert som privat selskap v/Ivar Fykse.
Det vart tatt opp lån i Indre Sparebank på 18.000 kr. v/Ivar Fykse. Pengane gjekk til kjøp av hestehengar og bygging av anlegg på Sveinland ridebane.
- Avtalen mellom ridesenteret v/Ivar Fykse og Årdal kommune v/ordførar Jørgen O. Vee om toalettbygging m. m. vart underskriven mai 1978.
- 14. mars 1981 vart Tangen Kjøre- og Rideklubb stifta. Slutta seg til Noregs Ryttarforbund januar 1983 og stiftinga Hest og Helsen august same året.
Rideklubben hadde då eit nært samarbeid med Årdalstangen Ridesenter som vart organisert som eit privat ridesenter. Samarbeidinga mellom rideklubben og ridesenteret var god ei stund, men etter kvart oppstod det økonomiske og organisasjonsmessige problem.
- På årsmøte i 1984 vedtok Årdalstangen Ridesenter at bygningar og utstyr skulle overdragast til Tangen Kjøre- og Rideklubb (TKRK).
- TKRK fekk langt større oppgåver og ansvar ved overtakinga av Årdalstangen Ridesenter. For eksempel; vedlikehald av alle bygningar og ridebaner, oppstalling, dagleg tilsyn til hestane, turistkøyring på Vettisvegen, innkjøp av fôr og flis, tilsyn og vedlikehald av Torpen Gard, transportmiddel som buss, hengar og vogner, og driftsorganisasjon for anlegget.
- Det vart utarbeid nye vedtekter og instruksar for at TKRK skulle kunne utføre alle desse oppgåvene: Klubbvedtekter, organisasjon og leiing, instruks for PR-sekretær, AU-sekretær, materialforvaltar, fôr-innkjøpar, stallmeistar, opplæringsleiar, Vettiskøyring og vakthavande.
- Etter kvart utvikla rideklubben seg til å bli ein velorganisert og driftig klubb, ønsket om ein ridehall var stor. Styret utarbeidde ein plan for ridehall og la den fram for Årdal Prosjektutvikling, som fann ideen interessant. Ein del undersøkingar vart gjort for å kartlegge kva prosjektet kunne bidra med i høve til turisme, og med det bidra til å gje økonomi til tiltaket.
Årdal Prosjektutvikling utarbeidde forretningsideen i 1988.
- Sjølve forretningsideen vart delt i fleire delkonsept; oppføring av ridehall med føremål å driva med rideaktivitetar, i tillegg var hallen tenkt leigd ut til det lokale næringsliv og andre interesserte, og ein rekna med at turistnæringa og den lokale rideklubben ville verta storforbrukarar av ridehallen.
Sogn Hest- og Helsesportsenter (SHHS - stifta 12. desember 1988) vart eigarar av ridehallen. Dei skulle òg driva med hestekøyringa til Vetti, samt starte opp ein kiosk ved parkeringsplassen på Hjelle.
- For å kunne gå i gang med planlegginga av ridehall måtte området som rideklubben leigde av Årdal kommune omregulerast. Området var i utgangspunktet regulert til industriområde, og TKRK hadde leigekontrakt med kommunen på å kunne rive bygningane på 3 månaders varsel. For å få lån og tilskot frå Distriktenes Utbyggingsfond og Rikstotomidlane, vart det stilt krav om tinglyst leigeavtale på minimum 40 år. Reguleringsplanen måtte då endrast, og denne vart godkjent av kommunestyret 24. mars 1988. Leigeavtalen på området vart underskriven og tinglyst i 1989.
- Medlemmar i TKRK utførte grunnarbeidet med ridehallen på dugnad. Her var det mange som la ned hundrevis av dugnadstimar, anført av Dag Nordbye, som den dag i dag arbeidar ved ridesenteret.
Egil Jørgen Lund teikna ridehallen, fekk han godkjent i STUI og var byggeleiar for prosjektet. Ridehallen stod klar våren 1991.
- TKRK hadde i samarbeid med Årdal Reiselivslag sett opp ”Hjellebygget” som skysstasjon på parkeringsplassen ved bommen til Vettisvegen. Dette bygget gjekk inn som aksjekapital i SHHS og selskapet fekk festeavtale med kommunen på arealet, men då kommunen omregulerte området i 199? vart avtalen oppsagt. Ridesenteret i Seimsdalen overtok då ”Hjellebygget”.
- Etter kvart vart det vanskeleg å drive SHHS på dugnadsbasis, og økonomien til selskapet var dårleg. TKRK overtok ridehallen 200?.